Om hotellet vårt

På Hôtel des deux amis ønskjer vi velkommen til eit hyggjeleg opphald i hjartet av Provence og den franske rivieraen. Hotellet ligg fredeleg til i Les Adrets de l'Esterel, med ein fantastisk utsikt over Cannes-bukta og Middelhavet. Sidan hotellet ligg oppe i ei åsside, er ikkje hotellet eigna for folk i rullestol. Hotellet er "hetero-vennleg" og medlem av Gay Provence og IGLTA.

Det tar 30 minutt med bil frå flyplassen i Nice opp til hotellet, og ca. 15 minutt til stranda. Hotellet har 7 store dobbeltrom med gode senger, alle med bad/dusj og toalett. Romma har anten privat terrasse eller balkong, alle med sjøutsikt.

Da vi ønskjer at alle skal kunne vere gjester hos oss er alle romma og frukostsalen røykfrie.

Bassenget er 15 x 7 meter, og held ein behageleg temperatur heile sesongen. Liker du å kaste badebuksa når du solar deg, kan du det viss du vil. Vi kan også tilby forfriskingar frå sjølvbeteningsbaren vår til hyggjelege prisar. Det er ein korttennisbane på området, spør oss om ballar og racketar. Hotellet har eigen parkeringsplass.

Innsjøen Lac Saint Cassien ligg ikkje langt unna, og er populært for hobbyfiskarar. Her kan ein også leige kano eller pedalbåt.

Det er ein hyggjeleg restaurant 3 minutt unna som er open kvar dag utanom søndag. Andre restaurantar finst også i nærleiken.

Av praktiske grunnar er dei andre sidene på engelsk.

Olav og Per Henning


News

Events

Copyright © 2007 Any copying prohibited unless by permission from Hôtel des deux amis. Web solutions by Lund Datateknikk